Eburran er namnet på ein austafrikansk reiskapstradisjon frå steinalderen. Han omfattar funn frå 13 000 f.Kr. og seinare. Det er særleg funne spor etter han rundt Nakurusjøen i Ol Doinyo Eburru-vulkankomplekset i Riftdalen i Kenya.[1] Ein har funne reiskapar laga av det vulkanske glaset obsidian ved Gambles-hòla. Kulturen var ei tid kjend som «kenyansk capsien», ettersom funna minner om den nordafrikanske capsienkulturen. Seinare har ein likevel kome til at dei er sjølvstendige frå kvarande.
Eburran blir delt inn i fem fasar:
Eburranfolk før fase 5 livnærte seg derimot av jakt og sanking. Rundt år 700 fann det stad ein overgang frå gjetar-neolittisk kultur til gjetar-jernalder i området.[1]
© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search